Elevane vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål i det skriftlege arbeidet, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.
Opplæringslova § 6-1
![Brunost-kode for å finna kvadrattala, på nynorsk.
bruk terminal
gjer kvadrat(tal) {
gjevTilbake tal * tal
}
forKvart tal i [1, 2, 3, 4] {
terminal.skriv(kvadrat(tal))
}](https://erik.boge.priv.no/wp-content/uploads/2026/07/firefox_XprjSMbVuR-png.webp)
Læremiddel i Noreg skal vera tilgjengelege på båe målformer. Sjølv er eg ein litt fråfallen nynorskbrukar, eg har vokst opp med nynorsk som hovudmål, men gjekk etter kvart over til bokmål. Etter vidaregåande har eg berre studert med mattebøker på engelsk, og det er mange omgrep eg ikkje kjenner på anna enn engelsk. Spesielt med digitale verktøy vert det tydeleg at norsk er ein ettertanke, og nynorsk ikkje er aktuelt.
Difor er det kjekt å sjå digitale verktøy som GeoGebra og thonny på nynorsk. Som regel syner eg tidleg i året til elevane at det er mogeleg å skifta, og brenn meg ein halv time seinare på at eg gløymer å skriva Løys.
Spesialord og variabler på nynorsk
Sjølv om python er ganske lettlest, bruker det spesialord på engelsk som «if» og «break». Å blanda norske variabelnamn med engelske spesialord gjev litt merkeleg kjensle når det skal lesast. Alt for ofte gjev eg etter og lager engelske variabelnamn. For å bøta på dette, har John Mikael Lindbakk laga programmeringsspråket Brunost.
Brunost er eit programmeringsspråk designa for dei som meiner at kode ikkje berre skal vere funksjonell — han skal ha sjel.
Det er ganske rett fram imperativ/funksjonell programmering, med alle spesialorda på nynorsk. I tillegg er det krav om at funksjons- og variabelnamn må vera sett saman av ord frå ei nynorsk ordliste. Frå dette kjem den feilmeldinga som har gjeve meg mest problem dei siste åra:
Feil: Namnet er ikkje gyldig nynorsk: 'x' på linje 7, kolonne 11Code language: ren tekst (plaintext)
Eksempel frå vidaregåande
Nokre enkle eksempel, med matematikk frå vgs,
Halveringsmetoden
Brunost let deg enkelt kalla funksjoner rekursivt.
bruk terminal
bruk matte
gjer funksjon(variabel) {
gjevTilbake( matte.potens(variabel, 2) - 3)
}
gjer rotHalvere (funksjon, nedst, øvst, teljar){
open midt er (øvst + nedst)/2.0
viss (teljar erSameSom 0) gjer {
gjevTilbake midt
}
viss (funksjon(øvst) * funksjon(midt) erMindreEnn 0) gjer {
// midt er lågare
gjevTilbake rotHalvere(funksjon, midt, øvst, teljar-1)
} elles {
// midt er høgare
gjevTilbake rotHalvere(funksjon, nedst, midt, teljar-1)
}
}
terminal.skriv(rotHalvere(funksjon, 1.0, 2.0, 20))
Code language: ren tekst (plaintext)
Finna primtal
låst primtali er [2, 3, 5, 7, 11, 13, 17, 19, 23, 29, 31, 37, 41, 43, 47, 53, 59, 61, 67, 71, 73, 79, 83, 89, 97]
bruk liste
bruk matte
bruk terminal
gjer primtalTest (tal) {
prøv {
open mod er matte.modulus(tal,1)
} fang (feil) {
// Ikkje eit heiltal
gjevTilbake(usant)
}
viss (tal erMindreEnn 2) gjer {
gjevTilbake(usant)
}
viss (liste.inneheld(primtali) {prøve -> prøve erSameSom tal}) gjer {
// Kjend primtal frå lista
gjevTilbake(sant)
}
viss (tal erMindreEnn liste.siste(primtali)) gjer {
// Mindre enn største kjende primtal
gjevTilbake(usant)
}
forKvart primtal i primtali {
viss (matte.modulus(tal, primtal) erSameSom 0) gjer {
// Deleleg på eit tal i lista
gjevTilbake (usant)
}
}
låst kvadratrot er matte.potens(tal, 0.5)
//terminal.skriv(kvadratrot)
open testTal er (liste.siste(primtali) +2 )
medan (testTal erMindreEnn kvadratrot) gjer {
viss (matte.modulus(tal, testTal) erSameSom 0) gjer {
// Deleleg på eit primtal i lista
gjevTilbake (usant)
}
testTal += 2
}
// Ikkje deleleg på noko primtal mindre enn kvadratrota,
// må vera primtal.
gjevTilbake(sant)
}Code language: ren tekst (plaintext)
Avgrensingar
Det grunnleggjande er på plass, og det er fullt mogeleg å trena på enkle algoritmer og flytstruktur på nynorsk. I matematikkfaga i vidaregåande vert det komplisert utan modular for visualisering og ein matte-modul med berre seks funksjoner. I ungdomsskulen og ned er tekstprogrammering, spesielt berre nettbasert utan støtte frå IDE, for vanskeleg. Men å syna dette til ein motivert elev som tek avgrensingane som ei utfordring, skal eg gjera. Kanskje kan dei prøva å laga eigne matematikkfunksjoner, eller plotting via t.d. gnuplot?